Hva GEoG veit!

Tørsten etter kunnskap er uslokkelig. Geog ønsker å få ny vitenskap, gammel vitenskap og glemt vitenskap frem i lyset.
Helt enkelt - helt greit!

Wednesday, April 25, 2007

Me orsakar og prøver om att


GEoG, ved General Audun, orsakar feila som vart skrive i føreståande innlegg. Dette skal ikkje skje, men er eit døme på kor kritisk ein bør og må vere til internett og dei kjeldene ein nyttar når ein til dømes skriv blogg.

Fakta er at New Zealand ikkje har noko som helst med Danmark eller Sjælland å gjere, sjøl om den danske øya heiter Zealand på engelsk. Neida, det viser seg det var nokre kartografar frå Nederland som var ute og sigla og fann desse vakre landformene i nærleiken av Australia. Så tenkte dei som så, at ein godt kunne kalle opp landet etter ein eigen provins. Valet var enkelt; dei tenkte sjølvsagt på provinsen "Zeeland" heilt nede til venstre (sørvest) i Nederland. Så kalla dei like gjerne heile landet "Nova Zeelandia".

Gode hundre år seinare (ca 1768), var James Cook ute og sigla. "Kvar er eg komen no?", undra Cook. "Nova Zeelandia", var svaret han fekk. "Sakleg", tenkte han og sa; "frå no av heiter det New Zealand". Så enkelt og så vanskeleg. Så kvalmt og så overlegent. Så genialt!

Og slik gjekk det altså til, om det då ikkje dukkar opp nye vendingar i denne spanande historia - kven veit.

Men det som framleis står ved lag er at New Zealand er eit fantastisk land, og om du skal reise dit, så bør du glede deg!

Old Zealand vs New Zealand


Du har kanskje høyrt om New Zealand? Eg kunne tenke meg det. Det lille vakre landet nær Australia, kor filmen "Ringenes Herre" blei spela inn. Du veit kanskje ikkje at Wellington er hovudstaden eller at landet har 4 127 383 innbyggjarar pr 2005, men det er ikkje det som er poenget no.

Poenget er Zealand. Det er eit New York og eit York. Vi har Orleans og New Orleans. Hampshire og New Hampshire. Ålesund og Ny Ålesund. Dette er kjent, men kvar i svarte er Zealand?

Det kan vere vanskeleg å godta, men det ligg faktisk i Danmark. Nabolandet vårt kjent for billig øl og mange vindmøller. Zealand er det engelske namnet på øya Sjælland, som er Danmarks største øy (sjå illustrasjon). Kvifor engelskmennene i 1642 valgte å kalle opp dette vakre landet etter ei litt kjedeleg dansk øy, er i skrivande stund ukjent, men GEoG kjem tilbake med meir om dette - ver du trygg!
Det viktigaste å hugse er uansett at New Zealand;
"det ær et fantastisk lænd" (I.A.)

Thursday, April 12, 2007

Andleteboka - elska og hata av millionar.

Facebook er eit engelskspråkleg nettsamfunn, opprinneleg laga for universitetsstudentar og fakultet i Dei forente statar av Amerika, men har sia spreidt seg til andre bruksområdar, inkludert vennar, skoler og geografiske områdar. Nettsamfunnet har over 19 millionar brukare på verdsbasis.
Brukare lager ein profil som inneheld personleg informasjon, bileter og interesser. Deretter kan dei opprette relasjonar til andre brukare, utveksle private og offentlege meldingar og knytte seg til forskjellege typer grupper.
Siden er gratis å bruke.