GEoG, ved General Audun, orsakar feila som vart skrive i føreståande innlegg. Dette skal ikkje skje, men er eit døme på kor kritisk ein bør og må vere til internett og dei kjeldene ein nyttar når ein til dømes skriv blogg.
Fakta er at New Zealand ikkje har noko som helst med Danmark eller Sjælland å gjere, sjøl om den danske øya heiter Zealand på engelsk. Neida, det viser seg det var nokre kartografar frå Nederland som var ute og sigla og fann desse vakre landformene i nærleiken av Australia. Så tenkte dei som så, at ein godt kunne kalle opp landet etter ein eigen provins. Valet var enkelt; dei tenkte sjølvsagt på provinsen "Zeeland" heilt nede til venstre (sørvest) i Nederland. Så kalla dei like gjerne heile landet "Nova Zeelandia".
Gode hundre år seinare (ca 1768), var James Cook ute og sigla. "Kvar er eg komen no?", undra Cook. "Nova Zeelandia", var svaret han fekk. "Sakleg", tenkte han og sa; "frå no av heiter det New Zealand". Så enkelt og så vanskeleg. Så kvalmt og så overlegent. Så genialt!
Og slik gjekk det altså til, om det då ikkje dukkar opp nye vendingar i denne spanande historia - kven veit.
Men det som framleis står ved lag er at New Zealand er eit fantastisk land, og om du skal reise dit, så bør du glede deg!